Erotisk folkedikting i Norden

Nettverk for erotisk folkedikting i Norden har som hovudmål å utvikle ein møtestad for forskarar og folkesongarar og forteljarar, eit krysskulturelt rom for kontakt og samarbeid mellom ulike kompetanse- og nordiske språkmiljø. Det inneber utveksling av kunnskap og kunstnarlege former og uttrykk til inspirasjon, personleg kontakt og utvikling av samarbeid til utforsking og formidling av erotisk folkedikting.

Samlingane, seminar og nettverksmøte, belyser og formidlar forteljar- og songstoff om erotikk, utforming av erotiske motiv i ulike sjangrar, så vel biletbruk og symbolikk som direkte og realistisk utforming. Dei bidreg såleis til auka kunnskap om likskapar og skilnader i det nordiske kulturmangfaldet. Det inviterer og utfordrar til samarbeid og utprøving av formidlingsmåtar på tvers av dei mange språkgrensene utan omveg om engelsk.

Å utvikle eit felles rom for formidling og faglege tilnærmingar til tolking og utdjuping er spesielt viktig fordi formidling av erotisk folkedikting til dels inneber etiske utfordringar. Spørsmålet kva perspektiv og verdiar om kvinne og mann, kjønn- og makt folkediktinga formidlar og det etiske ansvaret som forskar og formidlar har er derfor sentrale spørsmål for samlingane.

Nordisk erotisk folkedikting har ei lang og interessant innsamlings- og publiseringshistorie. Å bidra til auka kunnskap på tvers av kultur- og språkgrensene er eit mål, det same gjeld illustrasjonshistoria og spørsmålet om erotisk folkedikting som potensiale til inspirasjon for biletkunst og dramatiske uttrykk.

Erotisk folkedikting i Norden – Nordisk seminar og konsert

Hanaholmen kultursentrum, Esbo, 17.-18. november.
Påmelding ved betaling innan 25. oktober.

Informasjon: jarnfrid@online.no / jimmy.traskelin@gmail.com