Informasjon/Invitasjon

Nettverk for erotisk folkedikting i Norden

 

Sett i eit historisk perspektiv har emnet erotisk folkedikting hatt lita fagleg merksemd i Norden. Tilsvarande er emnet dårleg representert i allment kjende publikasjonar og i det offentlege rom. Vi ønsker derfor å skape eit nordisk tverrkulturelt nettverk der forskarar og utøvarar kan møtast for å utveksle og diskutere kunnskap, perspektiv og synleggjere arkivmateriale og levende song- og forteljartradisjonar som gjeld erotisk folkedikting. Spørsmål som vert tekne opp i nettverksmøte og på seminar kan eksempelvis vere: Korleis kjem likskap, skilnader og variasjonar til uttrykk i nordisk folkedikting? Korleis er motiv og biletspråk utforma i skildringa av sosialt tabuerte tema som erotikk og seksualitet? Kva funksjon har erotiske uttrykksformer som song og forteljing hatt, og kva har dei i dag? Og korleis vert erotisk folkedikting presentert og formidla i dag?

Nettverket har eit 3-årig prosjekt, Erotisk folkedikting i Norden – seminar og nettverk 2017-2019, finansiert av Nordisk Kulturkontakt, Nordisk Kulturfond og Norsk kulturråd. I november 2017 vart det første helgeseminaret avvikla i Oslo (tema: «Nordisk erotisk folkedikting generelt»), der også nettverket vart formelt skipa. Universitetet i Uppsala var tilhaldsstad for det første nettverksmøtet, juni 2018 (tema: «Forskarens och utövarens roller och ansvar»). Årets helgeseminar skal avviklast i Helsinki i november (tema: «Erotisk folkedikting i finske og samiske tradisjonar»). Nettverksmøtet i 2019 er lagt til juni i København, medan det siste helgeseminaret vert i Torshavn i november (tema: «Den erotiske balladen i Norden»). Både til seminara og nettverksmøta vert det arrangert kveldskonsertar der ulike nordiske tradisjonar vert formidla av folkesongarar og forteljarar.

I dag har nettverket vel 50 medlemmer. Alle nordiske land og sjølvstyrde område er representerte i nettverket; Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Åland, Island og Færøyane. Nettverksmedlemmene får tilsendt opplysningar om seminar og nettverksmøte, – og kan saman med prosjektgruppa planlegge, bidrage til og gjennomføre arrangement.

Dersom du er interesseret i å vere med i nettverket, ta kontakt med ein av kontaktpersonane:

Sigrid Bø (NO), sigrid.bo@usn.no
Annemarie Krarup (DA), annemariekrarup@gmail.com
Jimmy Träskelin (FI) jimmy.traskelin@gmail.com